Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Registrering av plagg

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) driv eit kontinuerleg arbeid med registrering av folkedrakt- og bunadplagg i museum og privat eige. Registreringane er eit viktig grunnlag for formidlings- og rådgjevingsarbeidet som vert drive. I 2013 omfattar registreringsarkivet ca 70 000 registrerte draktdelar frå heile landet.

Ei registrering kan kome etter spørsmål frå NBF eller etter initiativ frå lokalmiljøa. Mange av registreringane har vore sett i gong i forbindelse med rekonstruksjonsarbeid, men registreringar kan også kome i stand som rein kulturhistorisk dokumentasjon.
 
Plagga treng ikkje vera i topp stand for at dei skal vera interessante. Til registrering tek ein med alle slag folkedraktmateriale, både heile drakter, einskilde plagg, deler av plagg, og sylv og skoty. Vi er spesielt interessert i materiale frå før 1900.

I vårt feltarbeid er vi avhengige av lokale samarbeidspartar, som for eksempel bygdekvinnelag eller husflidslag. Desse står for innlån og tilbakelevering av plagg, og fyller ut registreringsskjema frå NBF med opplysningar eigarane måtte ha om plagga. Registreringa av sjølve gjenstandane vert gjort av tilsette ved NBF.

Kvar gjenstand vert fotografert og gjeve ein beskriving av material, farge, teknikk og snitt. Dette leggast inn i Primus, eit elektronisk informasjonssystem for registrering, administrasjon og presentasjon av gjenstandssamlingar. Slik bevarast både kunnskap om plagga og deira historie, og det kan leggast til rette for digital formidling på Digitalt museum.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.10.17Stipendiat i folkekunst
28.04.17Fagdagar i bunad og folkedrakt
02.04.17Instituttet reiser på studietur til Frankrike
02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling