Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Historikk

Forgjengaren til Norsk institutt for bunad og folkedrakt kom i 1947 då Statens bunadsnemnd vart oppretta for å veilede interesserte frå heile landet i spørsmål om bunader. Nemda høyrde inn under Heimeyrkekontoret i Landbruksdepartementet.

I 1950 vedtok eit stort bunadmøte i Trondheim at Statens bunadnemd skulle ha godkjenningsrett når det galdt bunader. Nemda har imidlertid aldri hatt mandat til å påby eller forby noko som helst, kun å vere eit rådgjevande organ. Ein gjekk derfor raskt bort frå denne nemninga, og brukte heller "tilrådd".

Då Heimeyrkekontoret blei nedlagd i 1955, blei administrasjonen overført til Kontoret for kunst og kultur, og namnet endra til Landsnemda for bunadspørsmål. Medlemmane vart no oppnemd av Landbruksdepartementet. Nemda skulle motarbeide utgliding der folkedrakttradisjonen var i live, gje råd om rekonstruksjon der folkedraktene heldt på å døy ut, og ta standpunkt til framlegg om nyskapte bunader der tradisjonen var heilt borte.

I 1967 vart nemnda heilt omorganisert, fekk eige sekretariat og nye statuttar. Det vart bestemt at medlemmane skulle representere kulturhistorisk forsking generelt, folkedraktforsking spesielt, og ha ekspertise på området tekstil og saum. Etter dei nye retningslinjene skulle bunadane vere i samsvar med lokal folkedrakttradisjon, og nemnda ga utelukkande råd ut frå historisk kunnskap om folkedraktene.

På 1980-talet gjekk nemnda bort frå å bruke neminga ”tilrådd”/ ”ikkje tilrådd”, og ga heller ei fråsegn, ein sluttuttalelse, til dei som ville ha bunaden vurdert.

I 1986 vart namnet omgjort frå Landsnemnda for Bunadsspørsmål til Bunad- og folkedraktrådet. Same år vart sekretariatet flytta frå Oslo til Fagernes.

I 2008 blei Bunad- og folkedraktrådet konsolidert med Valdresmusea AS. Det vart inngått ein avtale mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Valdresmusea som slår fast at dei landsomfattande oppgåvene skal vidareførast og at ordninga med eit fagleg råd oppnemnd av departementet skal oppretthaldast.

Formålet til Bunad- og folkedraktrådet vart utvida i 2008. Medan det tidligare var å verne om folkedrakttradisjonar og bunadbruk, og at lokalt særprega draktskikk skulle vere grunnlaget for all hjelp og rådgjeving, blei det erstatta med "å fremme, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg som eit uttrykk for kulturell identitet" (§2). Fagrådet vart derfor sett saman av personar med ei breiare kompetanse på kulturfeltet enn kva som var tilfellet tidligare. Fagrådet og seksjonsleiaren møtast jamnleg i rådsmøte for å drøfte det faglege arbeidet ved seksjonen.

I 2010 fekk verksemda ved Valdresmusea namnet Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Det statlege oppnemnde rådet beheldt namnet Bunad- og folkedraktrådet.

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.10.17Stipendiat i folkekunst
28.04.17Fagdagar i bunad og folkedrakt
02.04.17Instituttet reiser på studietur til Frankrike
02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling