Bunad
I snart 150 år har nordmenn brukt bunad i ulike høve og til ulike formål. I dag er bunadsbruken meir populær enn nokosinne, og det finnes rundt 450 drakter og plagg som går under namnet bunad, ei samling som er svært rik og mangfaldig.
Holdningar til korleis og i kva grad bunadene skulle halde seg til dei gamle folkedraktene har vore i stadig endring. Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har:
1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling.
Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etterkvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.
2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Til tross for at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange korleis den hadde vore i store drag. Til dels laga ein nye plagg etter dette og til dels brukte ein gamle plagg.
3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype.
Desse bunadane er rekonstruert frå ei folkedrakt etter at denne var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.
4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.
5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte.
Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.