Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunad

I snart 150 år har nordmenn brukt bunad i ulike høve og til ulike formål. Den allmenne og folkelege bruken av bunad i Noreg er eineståande i europeisk samanheng. Medan ein i andre land fyrst og fremst brukar bunader i samband med folkedans, er bunad i Noreg festplagg som blir brukt av folk flest, unge og gamle.  I dag er bunadsbruken meir populær enn nokosinne, og det finnes rundt 450 drakter og plagg som går under namnet bunad, ei samling som er svært rik og mangfaldig.
 
Kva er bunad for deg?  For mange er bunad tradisjon fordi fleire generasjonar i familien har same bunad, eller fordi bestemor har sydd bunaden. På same tid er bunaden ein identitetsmarkør - han viser kor ein kjem i frå. Felles for alle er at bunaden er eit høgtidplagg, høgt verdsett, uansett slag og opphav. Ved at bunaden gjerne blir brukt i samband med familiens høgtider gjennom livet, får plagget høg symbolverdi. 
 
Holdningar til korleis og i kva grad bunadene skulle halde seg til dei gamle folkedraktene har vore i stadig endring. Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har:


1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling.
Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etterkvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.
2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Til tross for at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange korleis den hadde vore i store drag. Til dels laga ein nye plagg etter dette og til dels brukte ein gamle plagg.
3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype.
Desse bunadane er rekonstruert frå ei folkedrakt etter at denne var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.
4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.
5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte.
Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling
06.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
08.03.16Norsk Håndverksinstitutt lyser ut stipend
17.02.16Ny leiar tilsett ved NBF