Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil

Norsk institutt for bunad og folkedrakt inngjekk i 2008 ein avtale med ABM-utvikling (no Norsk kulturråd) om å vere ansvarleg for eit nettverk for norske museum under temaet drakt og tekstil. Formålet er å styrke drakt og tekstilfeltet i musea, gjennom å skape møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, utvikle samarbeid og arbeidsdeling, sikre faglig samanheng og god ressursutnytting.

Målgruppe
Nettverket er  eit museumsnettverk, men er òg ope for organisasjonar og utdanningsinstitusjonar innanfor tekstilfeltet. Nettverket er ikkje ope for privatpersonar.

Rammer for nettverket
- Det er institusjonane som er medlemmer og som sender sine representantar til nettverksmøta. Kven institusjonen sender kan variere frå møte til møte. Det kan vere ein eller to deltakarar frå kvar institusjon.
- Nettverket kan velje å halde enkelte opne samlingar eller konferansar, der alle som er
interesserte kan kome, for å kunne spreie kunnskap til eit breiare publikum.
- NBF organiserar dei årlege samlingane, skriv referat, administrerar e-postlister og driv nettsida for nettverket.