Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunad- og folkedraktrådet

Bunad- og folkedraktrådet (BFR) er eit statleg oppnemnt råd, som skal vere eit rådgjevande organ for det nasjonale bunad- og folkedraktarbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF). Dagleg leiar for NBF er sekretær for Bunad- og folkedraktrådet.

Retningslinjer for Bunad og folkedraktrådet

Fastsette av Kulturdepartementet 12. juni 2012.

§1 Formål
Bunad- og folkedraktrådet (heretter Rådet) skal fremje, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg, som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar.

Kulturarv er ingen eksakt og uomskifteleg storleik. Alle kulturuttrykk utviklar seg i samspel mellom tradisjon og nye impulsar. Noreg er prega av eit stort mangfald som gjev oss ein dynamisk og levande kultur. I dette mangfaldet krev det kunnskap og innsikt for å leggje til rette for utvikling av dei tradisjonelle kulturuttrykka vi ønskjer å verne, slik at dei kan leve vidare i eit dynamisk og meiningsfylt samspel med notidas menneske.

§ 2 Status
Rådet vert oppnemnt av Kulturdepartementet og er ein rådgjevande instans for arbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt (heretter Instituttet) og for Kulturdepartementet.

Instituttet er ein del av Valdresmusea gjennom avtale mellom Kulturdepartementet og Valdresmusea, gjeldande frå 1. januar 2008.

§ 3 Organisasjon
Rådet skal ha fem medlemer og to varamedlemer. Departementet peikar ut ein av rådsmedlemene til leiar. Medlemer og varamedlemer skal ha ei funksjonstid på fire år. Ingen rådsmedlemer kan ha samanhengande funksjonstid på meir enn åtte år. Annakvart år blir halvparten av Rådet oppnemt: eit varamedlem og annankvar gong to og tre rådsmedlemer. Rådet er vedtaksført når minst tre medlemer møter.

Instituttet fungerer som sekretariat for Rådet og deltek i alle møte. Møtereferat skal sendast rådsmedlemer og varamedlemer. Godtgjersle til rådsmedlemene blir fastsett av Valdresmusea og skal stå i rimeleg forhold til arbeidet som følgjer med vervet. Ved ny oppnemning sit rådsmedlemene til nye er oppnemnde.

§ 4 Oppgåvene til Bunad- og folkedraktrådet
Rådet skal sjå til at arbeidet med å ta vare på det kulturuttrykket bunader og folkedrakter representerer, blir fremja på best mogleg måte i heile landet. Rådet skal i verksemda si leggje hovudvekt på følgjande oppgåver:

• Tilretteleggje for innsamling, dokumentasjon, rekonstruksjon, forsking, bevaring og formidling innanfor det bunad- og folkedraktfaglege området
• Bidra til å auke medvit om, interesse og forståing for bunad og folkedrakt som kulturuttrykk
• Bidra til å auke kunnskap om tilverking og bruk av tradisjonelle norske bunader og folkedrakter
• Søkje å leggje til rette for utvikling og revitalisering innanfor det bunad- og folkedraktfaglege området
• Stimulere til utvikling av fleirkulturelle møteplassar

Rådet skal fungere som fagleg råd og støtte for Instituttet i deira forvaltning av det bunad- og folkedraktfaglege arbeidet. Rådet skal:
• Vurdere måloppnåinga og kommentere årsrapporten frå Instituttet
• Bidra i utarbeiding av planar og budsjett for Instituttet, i samråd med Valdresmusea
• Uttale seg ved tilsetjing av instituttleiar og delta i prosessen i samråd med Valdresmusea

Rådet skal gje råd til departementet ved å:
• Kommentere årsrapporten frå Instituttet og gje ei samla vurdering av arbeidet og måloppnåinga både i Instituttet og Rådet
• Kommentere den delen av den årlege budsjettsøknaden frå Valdresmusea som gjeld arbeidet ved Insituttet

Rådet skal ta initiativ til offentleg debatt og uttale seg offentleg i spørsmål om bunader og folkedrakter.

§ 5 Endringar i retningslinene
Kulturdepartementet kan endre retningslinene. Valdresmusea skal konsulterast i samband med framlegg om endringar.

Bunad- og folkedraktrådet er oppnemd av Kulturdepartementet. Fagrådet har fem faste medlemer og to varamedlemer som vert oppnemnde av departementet for fire år om gongen. Fagrådet for 2016-2020 er:

Rådsleiar: Eva Steinvik Wold
Dagleg leiar Bunadsaum A/S
 
Berit Åse Johnsen
Seniorkonsulent, Riddo Duottar Museat 
 
Ingar Ranheim
Konservator ved Valdresmusea
 
Ayesha Khan
Kulturfaglig bakgrunn med fordypning i sosialantropologi.
 
Petra-Mari Linaker
Husflidskonsulent i Troms i Norges Husflidslag.
 
Ida Tolgensbakk (vara)

Folklorist 

Lise Finne (vara)
Høgskolelektor, Kunst-og Designhøgskolen i Bergen
 
 
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling
06.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
08.03.16Norsk Håndverksinstitutt lyser ut stipend
17.02.16Ny leiar tilsett ved NBF