Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Drakt og samfunn

Frå hausten 2014 startar vi opp att universitetsemnet Drakt og samfunn i samarbeid med NTNU. Emnet er no revidert og vil gje ei betre fordjuping i faget. Ved revideringa har vi fått eit tilbod av høgare fagleg kvalitet, med større fleksibilitet for kursdeltakarane.


Emnet gjev brei kompetanse på det folkedrakt- og bunadfaglege feltet. Sentralt i emnet står drøftinga av viktige faglege omgrep som bunad, folkedrakt og folkeleg mote, i eit kulturhistorisk perspektiv. Faget har ein naturleg forankring i det tradisjonelle handverket og vil gje ei innføring i utvalde småteknikkar. For å kunne studere eller drive forsking innan fagområdet er ein viss handverkskunnskap ein nødvendig føresetnad, som eit verkty for å forstå, bearbeide og analysere eit draktfagleg materiale. Studenten skal også kunne tolke og analysere endringsprosesser i folkedrakttradisjonane, samt nytte sentrale faglege omgrep.

Emnet er samlingsbasert og er sett saman av seks sjølvstendige vekesamlingar over 2 år. Det vil seie at ein kan velje om ein vil ta alle seks samlingane etter kvarandre, eller om ein berre vil ta nokon. Kvar samling har ein mindre heimeeksamen som gjev 7,5 studiepoeng. Om ein tek heile Drakt og samfunn får ein til saman 45 studiepoeng.

6. - 10. oktober 2014: Samling 1, Kjelder og metode (kurset er avsluttet), gjev eit innblikk i draktvitskapleg metode, samt bruk og tolking av ulike typar kjelder. Emnet gjev vidare basiskunnskap om lokale folkelege drakttradisjonar og bunader, sett inn i allmenne kulturhistoriske rammer. Dette vil gje ei naudsynt forståing av fagfeltet som heilskap, som dannar grunnlaget for dei 5 andre emna i studiet der ein fordjupar seg i desse omgrepa.
Pensum omfattar ei innføring i kjelde- og metodebruk på det kulturhistoriske fagfeltet, samt spesiallitteratur innan emnet folkedrakt, folkeleg mote og bunad. Leselista er på om lag 750 sider inkludert kompendium. Omlag 200 sider er sjølvvald litteratur.

26. - 30. januar 2015: Samling 2, Tilverking (kurset er avsluttet)
Faget Drakt og samfunn har ei naturleg forankring i det tradisjonelle handverket, og dette kurset vil gje ei innføring i utvalde saum- og småteknikkar. Vidare vil kurset gje ei oversikt over ulike material- og bindingstyper slik dei har vore brukt i det gamle draktmaterialet. På kurset skal deltakarane studere tidstypiske tilverkingsteknikkar og få eit innblikk i dei handverkargruppene som stod for tilverkinga i eldre tid. Etter bestått kurs skal deltakaren kunne analysere klede i forhold til material og tilverking. 

16. - 20. mars 2015: Samling 3, Drakthistorie (Søknadsfrist er gått ut)
Kurset vil særleg fokusere på nordisk og europeisk motedrakt frå middelalder til moderne tid, og sjå den i samband med den norske, folkelege moten. Denne samlinga er på Norsk folkemuseum i Oslo, og vi vil nytte anledninga til å vitje aktuelle museum og utstillingar. Etter endt kurs 1 -3 skal deltakaren kjenne til de material, snitt og teknikkar som karakteriserer draktplagg frå ulike historiske periodar og kunne plassere draktplagg i ein kulturhistorisk samanheng. Deltakar skal også på eit elementært nivå kunne dokumentere, tolke og analysere bevarte draktplagg, med utgangspunkt i teoretisk og handverksteknisk kunnskap. (Du må søkje på nytt for å ta dette kurset, søknadsfrist blir omlag 1 månad i forkant.)


For å søke på samlingene må du gå inn på NTNU sine hjemmesider, og velg det aktuelle kurset i listen. Kurs i skoleåret 2015-2016 er ikke satt opp enda, men kommer i løpet av våren. Inne på nettsiden for kurset kan du søke ved å trykke på knappen til høyre, "Søk dette kurset nå". Hver samling har sin egen side og er åpne for søknader ca en måned i forveien av hver samling. Aktuelle frister og linker til søkeportalen blir gjort tilgjengelig på denne nettsiden kontinuerlig. 

Studieavgift: 2500,- per samling
Tid og stad for neste samling: 16. - 20. mars 2015, Norsk folkemuseum i Oslo.

Ta kontakt med formidlingsansvarleg Camilla Rudrud for meir informasjon, og for å bli satt opp på e-postlista for studiet. Tlf 61 36 62 55.

 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling
06.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
08.03.16Norsk Håndverksinstitutt lyser ut stipend
17.02.16Ny leiar tilsett ved NBF