Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum

Publisert 2.11.16 av

Laurdag 19. november er det bunadsdag på Hardanger Folkemuseum for alle bunadsinteresserte.

Hardanger har svært rike drakttradisjonar. Mykje av dei gamle tekstilane finnast på Hardanger folkemuseum, men og heime hjå folk. Norsk institutt for bunad og folkedrakt driv mellom anna med registrering av tradisjonelle draktsikkar. No ynskjer instituttet i samarbeid med museet å gjera registreringar av gamle tekstilar som finnast i private heimar.Alle interesserte er velkomne til informasjonsmøte på Hardanger folkemuseum laurdag 19. november. Møtet vert lagt opp som eit halvdagsseminar der ein og får vera med på omvising i bunadutstillinga på museet, får sjå demonstrasjon av skautfelling og høyra om korleis ein kan arbeida med rekonstruksjon, det vil seia å nytta material frå tradisjonell draktskikk som grunnlag for bunad.

 
Program
11.30                    Velkomen
11.30 - 12.15         Norsk institutt for bunad og folkedrakt fortel om instituttet, korleis dei driv feltarbeid, og om rekonstruksjon
12.15 - 13.00         Lunsj, og ope i kafeen
13.00 - 13.45         Omvising/foredrag i draktutstillinga
13.45 - 14.30         Demonstrasjon skauting og skautfelling, med presentasjon av raudlisteprosjektet Skautfelling
14.30 - 14.50         Evn oppsummering og vegen vidare
 
Påmelding
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte, men ein må melda seg på på førehand og betala for mat og kaffi.Påmelding til post@hvm.museum.no eller tlf: 47479884 innan fredag 11. november. Dei som vil ha lunsj må tinga dette på førehand, saman med påmeldinga. Kafeen er ope med kaffi og kaker.
 
Transport
Ferje frå Kinsarvik: 10.25, retur 15.05
Ferje frå Kvanndal: 11.00, retur 14.30 eller 15.30
 
Spørsmål kan rettast til:
Agnete Sivertsen, Hardanger folkemuseum, tlf: 95 93 46 98
Camilla Rossing, NBF, camilla.rossing@bunadogfolkedrakt.no tlf: 61 36 62 53
 

 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling
06.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
08.03.16Norsk Håndverksinstitutt lyser ut stipend
17.02.16Ny leiar tilsett ved NBF