Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Symbolutstilling

Publisert 15.04.16

Dei gamle folkedraktene var berarar av symbol for vern, gudstro og kjærleik. På Norsk institutt for bunad og folkedrakt kan du sjå utstillingar som viser noko av dette symbolske mangfaldet.

Utstillinga står på Valdres folkemuseum og har tittelen «Folkedrakt og bunad i fortid og samtid – seremoni, form og bruk»
Nokre av dei mest kjende og tydelegaste symbola er kanskje skilnaden på gift, ugift og brud, eller kvardag, helg og høgste høgtid. Andre gonger kan plagga eller gjenstandane ha ornament og symbol som formidlar noko meir enn berre å vera ein fryd for auga. Ofte har symbolbruken vore knytt til bruk eller ulike skikkar, som til dømes å bruke sylv for å verne folk, fe og avling.

Utstillinga er tredelt. Fyrste del tek for seg ulike symbol som blir brukt i folkekunsten. Symbolspråket er både maskering av meiningsinnhald og openbaring på ein gong. I dag manglar vi kunnskap for å forstå dei eldre symbola. Dei høyrer heime i ei tid der guds- og verdsoppfatninga var annleis enn i dag. Symbolforståing er såleis viktig for at vi skal forstå eldre kulturar, tankar og bilete.
Andre del gjer greie for omgrepa folkedrakt og bunad, om folkedraktene si rolle i nasjonsbygginga i siste del av 1800-talet, syner korleis bunadene har hatt ulik symboltyding gjennom ulike tider.
Tredje del viser ulike folkedrakter slik dei har vore i bruk. Vi syner døme på seremonielle plagg som handakledet og plagg til sorg, og ei seremoniell handling i forhold til dåp og inngangsritualet for kvinner etter fødsel. Eit utval drakter frå Hallingdal det siste hundreåret viser skilnader ut frå sivil status, sykne, helg, og høgtid. I øvre Hallingdal heldt den lokale draktskikken seg levande lenge. Nokre eldre kvinner brukte desse særprega kleda dagleg heilt fram til 1980. Dei gjekk alltid med noko på hovudet, og særleg markerer hovudplagget skilnaden på gift og ugift.

Utstillinga vil stå på Valdres folkemuseum på Fagernes til 2017/2018.
 

Galleri:

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling
06.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
08.03.16Norsk Håndverksinstitutt lyser ut stipend
17.02.16Ny leiar tilsett ved NBF