|
|
Stian Johan Roland er tilsett som ny leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedraktRoland er født og oppvaksen i Øystre Slidre i Valdres, han er 31 år gamal, sambuar og har fire born. Han har mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskula i Telemark, avd. Rauland, samt studiet Drakt og samfunn ved sidan av utdanning innanfor natur- og landbruk og folkemusikk og dans. Stian Roland har tidlegare arbeida som lærar og prosjektleiar, det siste året har han vore dagleg leiar for Folkemusikkarrangement AS, Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. Han har eit breitt nettverk innanfor folkekulturmiljøet og har arbeida både praktisk og teoretisk med dette feltet. Arbeidet han har lagt ned innanfor folkedans har stor overføringsverdi til bunadfeltet, ikkje minst med omsyn til synleggjering og kunnskapsoverføring. Hans kunnskap om norsk folkekultur generelt er høg. |
Kalender Visste du at:
Siste nytt
|