Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Vi er på digitalt museum!

Vi har byrja å legge ut registreringane våre på digitalt museum. No kan du sjå NBF sine registreringar av folkedraktplagg på nett!

Her kan du sjå plagg som vi har registrert ved å hake av på Norsk Institutt for bunad og folkedrakt under "Filter". Du kan også gjere fellessøk på ei gjenstandsgruppe og får opp våre registreringar saman med andre sine.

Våre registreringar utfyller gjerne dei lokale musea sine, slik at du får opp gjenstandar uavhengig av kor dei befinn seg no.

Dei siste åra har vi jobbe mykje med digitalisering av samlingane. Vi registrerar nytt materiale rett inn i ein database og eldre materiale er konvertert til denne databasen.

Arbeidet består no fyrst og framst i å scanne og legge inn bilder til dei gamle registreringane. Sidan vi har ca 70 000 registreringar, og framleis er aktive med feltarbeid rundt om i Noreg, vil det ta tid før vi er heilt i mål, men vi legg stadig ut nytt materiale.

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Du kan få tak i bunadboka Scandinavian Folklore via butikken vår? Du kan også bestille boka pr.
e-post.

Siste nytt

16.05.13Fagdagane 2013
25.04.13Bunadutstilling på Hadeland Glassverk
25.04.13Feltarbeid i Hemsedal
05.03.13Foredragskveld med Bjørg G.Hovland
05.03.13Utstillingsopning: Folkemusikk og nasjonalisme
04.03.13Kvinner i hundre
01.03.13Ny fotoutstilling
11.02.13Drakt og samfunn 2014