|
|
FormidlingNorsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) skal formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådigheit for dei som arbeider med draktspørsmål. Ein viktig del av formidlingsarbeidet består i å behandle henvendingar både frå enkeltpersonar og frå ulike institusjonar og organisasjonar. Spørsmåla kan f.eks. dreie seg om bunadhistorie, bunadbruk, eller material- og mønsterbruk. Andre ønskjer rådgjeving knytt til rekonstruksjon på bakgrunn av lokale folkedrakttradisjonar. I Norsk institutt for bunad og folkedrakt sine lokal finn du både arkiv og bibliotek, og vi tek i mot besøk av enkeltpersonar og mindre grupper i dokumentasjonssenteret etter avtale. Kontakt oss på e-post eller telefon 61 36 62 50 På Valdres Folkemuseum, i same bygning som NBF har lokal, kan du sjå bunadutstillingane våre. Eit rom har ei fast utstilling som tek føre seg den norske bunadhistoria, den andre utstillinga er skiftande. Vi arrangerar omvisingar i bunadutstillinga for turistar og andre interesserte etter avtale. Send oss ein e-post eller ring oss på 61 36 62 50. Gjennom NBF kan du ta høgskolefaget Drakt og samfunn 1 og 2, som tek føre seg folkedrakt, folkeleg mote og bunaden i eit samfunnshistorisk perspektiv. Sjå heimesida til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) for meir informasjon.
|
Kalender Visste du at:
Siste nytt
|