Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Dokumentasjon

Norsk institutt for bunad og folkedrakt forvalter arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad. På grunnlag av feltarbeid der vi registrerar plagg i privat og museumseige, har vi bygd opp eit omfattande arkiv. Folkedrakttradisjonane står i fokus i dokumentasjonsarbeidet, men det er også viktig for oss å dokumentere bunadhistoria.

Draktregistreringane utgjer den største delen av arkivet. Ein del av det registrerte materialet er i museumseige, men størstedelen er i privat eige. Draktforsking i internasjonal samanheng har stort sett vore basert på museumstilfang, så eit slikt arkiv er unikt for Noreg.

Arkivet vårt omfattar også foto, kjelder, stoffprøver, mønster- og saumforklaringsarkiv, arkiv etter privatpersonar og korrespondansearkiv. Vi har også ei stor samling av modellbunader.

Alt materialet er samla i vårt dokumentasjonssenter. Bruk av samlingane er gratis. Ønskjer du kopi av noko, kan det fåast mot vederlag (sjå prisliste). Vi inngår då ein skrifteleg avtale om bruk av materialet. Hovudregelen er at alt materiale er tilgjengeleg for publikum, men etter avtale med eigar kan enkelte ting klausulerast. I dag held vi på å digitalisere samlingane, slik at dei skal bli lettare tilgjengeleg for deg som brukar. Sjå meir på digitaltmuseum.no

Instituttet tek også i mot materiale frå andre, det vere seg registreringar, mønster eller gamle bunader. Om du ønskjer å gje/oppbevare noko NBF, ta kontakt.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Du kan få tak i bunadboka Scandinavian Folklore via butikken vår? Du kan også bestille boka pr.
e-post.

Siste nytt

16.05.13Fagdagane 2013
25.04.13Bunadutstilling på Hadeland Glassverk
25.04.13Feltarbeid i Hemsedal
05.03.13Foredragskveld med Bjørg G.Hovland
05.03.13Utstillingsopning: Folkemusikk og nasjonalisme
04.03.13Kvinner i hundre
01.03.13Ny fotoutstilling
11.02.13Drakt og samfunn 2014